Styreleiar Ove Kahrs Wangensteen i Elagsfondet. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Styreleiar Ove Kahrs Wangensteen i Elagsfondet under utdelinga av gåver til lokalsamfunnet i 2024.

Formuesskatt til bry

Styret i Etne Elektrisitetslag AS står overfor viktige avgjerder som kan påverka organisasjonen og lokalsamfunnet i tida framover. Styreleiar Ove Kahrs Wangensteen meiner ei stifting kan vera betre enn eit aksjeselskap.

Publisert Sist oppdatert

Den store auken i verdien på aksjane i Etne Elektrisitetslag AS har ført til at fleire aksjeeigarar no blir pålagt formuesskatt. Dette har skapt frustrasjon blant mange, spesielt sidan aksjane ikkje er omsetjelege, og det heller ikkje er mogleg å få ut utbytte som kan bidra til å dekka skatten.

— Grunna dei høge straumprisane dei siste åra, har aksjane Elaget eig i Eviny blitt mykje meir verdt, noko som i seg sjølv er positivt, men dette utløyser formuesskatt for enkelte eigarar utan at dei har ein reell sjans til å dra økonomisk nytte av verdien, seier Wangensteen.

Styret har vurdert å innføra utbytte som ei løysing for å bøta på skattebyrda, men dette har vist seg å vera utfordrande. I tråd med aksjelova må utbytte fordelast likt per aksje, noko som ikkje nødvendigvis vil treffa dei som slit mest med skatten.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS