Niederaussem kraftverk er eit varmekraftverk i byen Bergheim i delstaten Nordrhein-Westfalen i det vestre Tyskland. Regjeringa i landet varslar at dei skal opne opp att kolkraftverk som er nedlagde på grunn av energikrisa.
Foto: Federico Gambarini / DPA / AP / NTB
Førebur seg på ein vinter utan straum
Fleire land i Europa tek no i bruk gamle kolkraftverk for å dekkje energibehovet til hausten. Andre land skattar energiselskapa for midlar til innbyggjarane.
Faren for energimangel til hausten heng over Europa som ei mørk sky. Russland har lagt ein brems på gassleveransane til kontinentet, og fleire europeiske land går no drastisk til verks for å finne måtar å fylle energilagera sine på.
I Tyskland skal dei stanse alt kjøp av russisk kol og olje innan året er omme. For å dekkje gapet som då oppstår i energiforsyninga, har styresmaktene mellom anna vedteke å opne opp nedlagde kolkraftverk. Det same har Ungarns regjering vedteke.
I Belgia og Spania innfører dei skatt på energiselskap som skal gå til å hjelpe hushald med å takle høge prisar. Heime i Noreg snakkast det om behov for straumrasjonering.