Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Forbruksgjelda i Noreg aukar. Sommarferien kan ha vorte dyrare enn mange trudde, trur dagleg leiar Stein Ove Karstensen i Norsk Gjeldsinformasjon. Her turistar i ei handlegate i gamlebyen i Chania på Kreta i Hellas. Foto: Halvard Alvik / NTB /NPK
Forbruksgjelda i Noreg aukar. Sommarferien kan ha vorte dyrare enn mange trudde, trur dagleg leiar Stein Ove Karstensen i Norsk Gjeldsinformasjon. Her turistar i ei handlegate i gamlebyen i Chania på Kreta i Hellas.

Forbruksgjelda aukar: – Kan tyde på at sommarferien vart dyrare enn planlagt

Publisert Sist oppdatert
Så langt i år har forbruksgjelda til Ola og Kari Nordmann auka med 6,9 milliardar kroner. I sommarferiemånadene juli og august auka gjelda med 4,5 milliardar.

Dagleg leiar i Norsk Gjeldsinformasjon, Svein Ove Karstensen, seier at det trass i ein nedgang i forbruksgjeld i juni på 2,3 milliardar, var det i juli og august ein stor auke i både renteberande kredittkortgjeld og nedbetalingslån.

– Dette kan tyde på at sommarferien vart dyrare enn planlagt, og at fleire no spreier utbetalingane utover hausten, seier han i ei pressemelding.

1. september var den totale forbruksgjelda i Noreg på 167,3 milliardar kroner. Det er ein auke på 2,7 milliardar i august.

Dei siste 12 månadene har forbruksgjelda auka med 11,4 milliardar kroner (7,3 prosent). Nedbetalingslån har auka med 5,7 milliardar (6,6 prosent), og kredittkortgjeld har auka med 5,7 milliardar (8,3 prosent). Betalingskort er uendra samanlikna med same periode i fjor.

Forbruksgjelda auka markant i siste kvartal i fjor, spesielt grunna ein vekst i nedbetalingslån.

– Sjølv om veksten var lågare i første halvår, ser vi no ein klar auke dei siste to månadene, hovudsakleg driven av kredittkortbruk. Den renteberande kredittkortgjelda veks raskare enn på same tid i fjor, seier Karstensen.

Powered by Labrador CMS