Marianne Veggeberg er kommunikasjonsrådgjevar i Statnett
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Folkemøte om ny kraftleidning
Vindafjord og Etne blir direkte råka når Statnett planlegg nye kraftleidningar mellom Sauda og Gismarvik. NVE har no lagt ut prosjektet på høyring, og i samband med dette vert det arrangert folkemøte i Ølen den 11. mars.
Statnett har sendt melding til NVE om planane for å byggja to nye 420 kV-kraftleidningar mellom Sauda og Gismarvik, og i løpet av traséen svingar leidningane også innom både Etne og Vindafjord. Desse skal erstatta dagens 300 kV-leidningar, som er gamle og har for liten kapasitet. Samtidig er det stor etterspurnad etter straum i regionen, noko som gjer oppgraderinga nødvendig. Kommunikasjonsrådgjevar i Statnett, Marianne Veggeberg, understrekar at dette berre er eitt av fleire pågåande prosjekt i området.
— Me er allereie i gang med bygginga av Blåfalli-Gismarvik, og me har sendt melding til NVE for prosjektet Sauda-Blåfalli. No er det Sauda-Gismarvik som er på høyring, forklarar ho.
Prosjektet er enno i ein tidleg fase, og folkemøta som blir arrangerte, er ein viktig arena for dei som vil komma med innspel.