Flinke røvarar
Røvarane Kasper, Jesper og Jonatan, vart spela av (f.v) Johannes Bakke, Claus Haraldseid og Thomas […]
Røvarane Kasper, Jesper og Jonatan, vart spela av (f.v) Johannes Bakke, Claus Haraldseid og Thomas Vestre. Dei tre gutane og alle dei andre flinke aktørane kosa seg på scena, og sjarmerte eit fullt bygdahus. Torgdagen hadde også i år nysteikte potetkaker og flott handarbeid for sal, og pengane auka fort i korpskassa.
— Torgdagen er det arrangementet som får inn mest pengar til korpset, og som legg grunnlaget for drifta vår. Me har ikkje talt opp heilt nøyaktig enda, men det er eit veldig godt resultat. Det har ikkje vore så mykje folk på torgdagen på fleire år, eg tippar at mellom 200 og 300 personar var innom, og det er me sjølvsagt svært godt fornøgde med, seier Mona Kristin Haraldseid i Skjold skulekorps.
Les meir i papiravisa.