Dei fire som stemte mot forslaget om tursti frå Rus til Olalia i februar, var Johan Strømsvold (V), Kurt Birger Hagen (INP) og Åge Madsgård og Trude Enge frå Frp. Foto: Grethe Hopland Ravn
Dei fire som stemte mot forslaget om tursti frå Rus til Olalia i februar, var Johan Strømsvold (V), Kurt Birger Hagen (INP) og Åge Madsgård og Trude Enge frå Frp.

Fleirtal for tursti frå Rus til Olalia

I kommunestyremøtet tysdag blei det fleirtal for å gi dispensasjon til å byggja turveg frå Rus til Olalia med 13 mot 4 stemmer.

Publisert Sist oppdatert

Ei av sakene som blei behandla i kommunestyret i Etne tysdag, var dispensasjonssøknaden frå arealføremålet i kommuneplanen som gjeld bygging av turveg frå Rus til Olalia. Som ein del av søknaden blei det også gitt løyve til opparbeiding av ein universelt utforma veg på strekninga som står igjen mot dagsturhytta på Leiteshaugen. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) innleia med å seie at ho snakkar for mange når ho sa at Etne kommune skulle vera positive til dispensasjonen.

— Å gå til Olalia i ulent terreng kan ein gjera sjølv om vegen kjem eller ikkje. Eg er svært glad i å gå i fjellet, og gjer det ofte. Då går eg gjerne i fjellet der det berre går sti og terrenget er ulent. Då går eg åleine og eg treff sjeldan folk. Det er mykje fjell og fri natur i Etne, sjølv om det skulle koma veg frå Rus til Olalia, sa ordføraren.

Å gå til Olalia i ulent terreng kan ein gjera sjølv om vegen kjem eller ikkje

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordførar

I Etnefjella er det berre gjetarbuer i fjellet, og ordføraren understrekar at det er flott for Etne kommune å kunna tilby tilrettelagte turløyper for alle dei som ikkje har råd til hytte aust for vasskiljet.

— Det er ikkje alle som har råd til hytte på fjellet, og det er viktig for både dei, og dei med små barn, barnevogner, rullatorar eller rullestolar å kunna komma seg ut i fjellet, sa ho.

Kenneth Karlsen (Frp) sa til kommunestyret frå talarstolen at han har blitt nedringt av folk som har argumentert både for- og i mot vegen frå Rus. Det har ikkje vore enkelt, og det har resultert at i deira gruppe er dei delt i to. Han understreka likevel at Etne Framstegsparti var samstemte om at fjellet skulle bli tilgjengeleg for fleire.

Dispensasjonar

Kommunedirektør Filippo Ballarin skreiv i forslaget sitt at tiltaket var vurdert etter paragrafane 8-12 i naturmangfaldlova, og er samla vurdert til å ikkje ha negative konsekvensar for naturmangfaldlova. Det blei likevel sett vilkår til dispensasjonen:

• Ein skal avgrensa terrenginngrepa så mykje som mogleg og nytta stadeigne massar optimalt, for å avgrensa behovet for tilført toppgrus utanfrå.

• Torver med naturleg vegetasjon, som blir fjerna i traseen kan tilbakeførast på dei råka sideareala i same område.

• Om det er behov for tiltak for å hindre avrenning frå lagringsområde til vassdrag og myr må vurderast.

• Før endeleg godkjenning av tiltaket skal trasé visast med inngrep i sideareala, plassering av mellombels lagrings- og omlastingsområde for grus og topplag, og naudsynt anleggsbelte.

• Den endelege løysinga for kryssing av myrane må gå fram av søknaden.

• Det skal gjennomførast sluttsynfaring med kommunen før traséen kan takast i bruk, og tiltakshavar skal stikke ut traséen før dei fysiske arbeida tek til.

Kommunedirektøren tilrådde at dispensasjonen skal vera gyldig i 3 år, og om det ikkje kjem klage på vedtaket innan klagefristen kan endeleg vedtak gjerast administrativt, på delegert fullmakt. Han understreka også at det ikkje må setjast i gang noko arbeid før endeleg byggeløyve er gitt.

Protokoll frå Venstre

Kommunestyret var delt i avrøystinga i denne saka, men kommunedirektøren sitt forslag fekk fleirtal frå alle utanom Trude Enge og Åge Madsgård frå Frp, Kurt Birger Hagen frå INP og Johan Strømsvold frå Venstre.

Ein protokoll frå Etne Venstre blei også lagt ved, der det kom fram at Etne Venstre meinte saka om Rusvegen mot Olalia burde røystast ned, med eit nei frå kommunestyret.

Grunnen var mellom anna at det er tre saker som er slått inn i ein søknad: Den eine saka handla om 200 meter veg opp til Dagsturhytta som eigentleg burde vore ein kommunal sak sidan dette er med i budsjettet allereie. Den andre saka handla om ein 700 meter lang traktorveg klasse åtte som bør sendast som eigen søknad til kommunen i forhold til Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier. Den tredje saka handla om ein 1,7 km lang og 1,5 meter brei tursti som delvis var planlagt med grus var heller ikkje i tråd med Landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift: eit enkelt tilretteleggingstiltak for friluftsliv». Vindafjord kommune kalla saka eit tyngre teknisk inngrep om tilrettelegging for friluftsliv, som er meir korrekt, i følgje Venstre. Turstien burde vurderast å gjerast kortare og planerast utelukkande med massar frå staden.

Powered by Labrador CMS