Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kommunedirektør Åsmund Sekse, Kenneth Lyng Karlsen (Frp) , Åge Madsgård (Frp) og Siri Lundal Hustveit (H) under formannskapsmøtet på Skakke i Etne.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Kommunedirektør Åsmund Sekse, Kenneth Lyng Karlsen (Frp) , Åge Madsgård (Frp) og Siri Lundal Hustveit (H) under formannskapsmøtet på Skakke i Etne.

Fleirtal for å overta tomteselskap

Publisert Sist oppdatert

Mot Framstegspartiet sine to stemmer gjekk formannskapet i Etne inn for kommunedirektøren sitt forslag om å kjøpa alle aksjane i Etne Tomteselskap AS for kroner 1 per aksje og samstundes overta selskapet si gjeld som er rekna til rundt 8,36 millionar kroner. I forslaget heiter det også at Etne kommune ettergjev råarealkravet på tomt nr. 16, 32 og 41, noko som utgjer totalt kroner 300.000 og at kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføra overtakinga og vidare handsaming av selskapet fram mot avvikling.

Overtakinga blir finansiert gjennom investeringsbudsjettet, og lånet lagt til i kommunalbanken.

Etter eit tilleggsforslag frå Ap blei det også vedtatt at administrasjonen skal gjera ei aktsemdvurdering for å sikra at det ikkje ligg juridiske krav mot tomteselskapet som seinare kan rettast mot kommunen etter overtakinga.

Powered by Labrador CMS