Ein del av den norske gjengen med nokre av Victory-syklane bak seg. Rolf Risåsen frå Våler i Solør står heilt til venstre. Han var den som organiserte treffet.
FOTO: NILS TOKHEIM
Fleire motoriserte hotellgjestar
Hotellet i Skånevik har med åra fått ei nisje som utvidar sommarsesongen. I helga var det eit eksklusivt motorsykkeltreff for eigarar av amerikanske Victory, og fleire blir det utover seinsommaren.
Det mest spesielle blir helga kor det kjem ei stor gruppe knytt til organisasjonen WIMA som er ei interessegruppe for kvinnelege motorsyklistar.
Organisasjonen har eksistert sidan 50-talet internasjonalt, men informasjon på heimesida deira seier at dei er forholdsvis nye her i landet med eit par tusen medlemmer.
— Hotellet er då fullt belagt frå torsdag til søndag, seier sjef og hovudeigar Inger Karin Larsen, som har hatt ein god sommar med Pippi-festival og andre arrangement.