Reint drikkevatn er viktig om ein skal klare seg på eiga hand i 72 timar. Foto: Glenn Røkeberg/DSB
Reint drikkevatn er viktig om ein skal klare seg på eiga hand i 72 timar.

Fleire lagrar vatn

Nesten halvparten av befolkninga lagrar drikkevatn, går det fram av ei ny gransking. Det er over dobbelt så mange som for sju år sidan.

– Dette er veldig gode tal, og det viser at folk tek eigenberedskapsråda frå DSB på alvor. Russlands fullskalainvasjon i 2022 har nok bidrege til at førebuingar i eigen heim har fått auka aktualitet, seier direktør i Direktoratet for tryggleik og beredskap (DSB), Elisabeth Aarsæther, i ei pressemelding.

I ei ny befolkningsundersøking svarer heile 47 prosent at dei har lagra drikkevatn i flasker/behaldarar som kan brukast dersom vatnet i springen blir avstengt eller forureina». I 2017 var det berre 21 prosent som svarte at dei lagra vatn.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS