Forskjellen i sjukenærvær mellom ikkje-territorialt kontor og einekontor blir større jo dårlegare helse ein har, viser ny studie frå Stami.
Foto: Stami / NPK
Fleire jobbar sjuke med fast plass på kontoret
Tidlegare forsking har vist høgare sjukefråvær i opne kontorlandskap samanlikna med einekontor.
Den nye studien har undersøkt korleis kontorløysinga du har påverkar valet om å komme på jobb eller ikkje når du er sjuk, såkalla sjukenærvær. Her fann dei ingen nemneverdig forskjell mellom ope og lukka kontorlandskap. Utslaget kom når ein tok faste plassar ut av bildet.
– Det er kanskje ikkje like lett å gå på jobb om du ikkje veit kor du skal sitte eller veit om du har ein stad du kan trekke deg tilbake i løpet av arbeidsdagen, spesielt om du opplever helseutfordringar generelt sett, forklarer Randi Hovden Borge, stipendiat på Stami
og førsteforfattar på den nye studien.