Fleire innbrot
Natt til onsdag har det vore tre innbrot ved verksemder i Ølen sentrum. Åstadene ligg ikkje meir enn knappe 200 meter frå kvarandre. Det er stole pengar frå fleire plassar, men utbyttet skal etter det Grannar får opplyst ikkje vere meir enn to-tre tusen kroner. — Me har ikkje mistanke om det er snakk om mobile vinningskriminelle, men heller folk med god lokalkunnskap, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Politiet har sikra tekniske spor, men ber også folk som kan ha observert noko mistenkjeleg frå tysdag kveld til i 7-tida onsdag morgon til å ta kontakt med politiet.