I fjor fekk 140 bønder i alt 33,6 millionar kroner i ekstra investeringstilskott for å bruk3 av tre i bygga deira. – Det viser at dei bøndene som no satsar og investerer i landbruket tek klimautfordringane på alvor, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg.
Foto: Erik Steine
Fleire bønder byggjer fjøs i tre
NPK: I 2020 valde ei aukande mengde bønder å satse på miljø- og klimavennlege driftsbygningar bygde i tre.
Innovasjon Noreg premierer bønder som byggjer driftsbygningar med tre som byggjemateriale. I 2020 fekk 140 bønder i alt 33,6 millionar kroner i ekstra investeringstilskot for å vere klima- og miljøvennlege gjennom bruk av tre i bygga sine.
Ved jordbruksforhandlingane i 2019 blei det vedtatt å innføre ei ordning som premierer bruk av tre som byggjemateriale. Ordninga kjem i tillegg til det ordinære investeringstilskotet til driftsbygningar frå Innovasjon Noreg.
— Dette er svært gledelege og oppmuntrande tal, og viser at dei bøndene som no satsar og investerer i landbruket, tek klimautfordringane på alvor, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg, i ei pressemelding.
Det er i fylka med mest husdyrbruk og størst tilskotsramme det har vore størst interesse for ordninga. I 2020 var det flest i Innlandet med 34 prosjekt og 10,1 millionar kroner i ekstra tilskot. Deretter følgjer Trøndelag med 21 prosjekt og 5,6 millionar kroner i ekstra tilskot og Vestland med 20 prosjekt og 5 millionar kroner.
Det er flest prosjekt innan mjølkeproduksjon. Deretter følgjer ammekuproduksjon og så prosjekt knytt til sauehald og korntørking. For ammeku er delen som oppfyller kravet til ekstra tretilskot heile 44 prosent, medan det for mjølkeproduksjon og sauehald er rundt 35 prosent.
Ordninga med ekstra investeringstilskot til bygg som brukar tre som byggjemateriale, gjeld i første omgang til og med 2022. Ordninga kan gje inntil 400.000 kroner i ekstra investeringstilskot.