Flaumvarsling for Hordaland og Rogaland
Det er fare for lokale overfløymingar i Rogaland og Hordaland dei komande dagane. Det er […]
Det er fare for lokale overfløymingar i Rogaland og Hordaland dei komande dagane.
Det er meldt store nedbørsmengder, og det er venta lokalt opptil 50 mm nedbør i dag og første del av laurdagen. Frå laurdag ettermiddag vil nedbøren bevega seg lengre nordover og falla i Hordaland og Sogn og Fjordane, der ein reknar med same mengde nedbør fram til søndag.
Det er venta raskt stigande vassføring i mindre bekkar og elvar, men ikkje flaum i større vassdrag, heiter det i pressemeldinga frå NVE