Fiskeprodukt i nye farvatn
— Det er veldig kjekt å få innpass i Color Line. Førebels er det eit prøveprosjekt både for dei og for oss, og me veit ikkje kor mykje me skal levera, men me har god tru på suksess, seier dagleg leiar i Skakke Røykeri AS, Jurgita Folkedal og ser fram til godt samarbeid med ferjeselskapet som årleg fraktar rundt 4 millionar passasjerar mellom Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.
Ho fortel at Skakkelaks og Skakkeaure skal seljast i butikken på seks båtar. Reiarlaget ynskjer kvalitetsprodukt, og for den vesle bedrifta i Etne blir det viktig å vera eit utstillingsvindauge for norsk matkultur.
Samarbeidet med Color Line oppstod etter at bedrifta sin eigar og utviklar, Roy Martin Øyjord kom i kontakt med butikksjefen på ein av båtane til cruiseselskapet då han deltok i under sykkelrittet i regi av Team Rynkeby for å samla inn pengar til barnekreftsaka i fjor sommar.