Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Salmars anlegg ved Korsneset i Vinjefjorden. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Salmars anlegg ved Korsneset i Vinjefjorden.

Fiskeoppdrettet må reduserast frå Karmøy til Stad

Publisert Sist oppdatert
Seks av tretten produksjonsområde for fiskeoppdrett langs norskekysten får grønt lys av staten og kan auke produksjonen. I to område må produksjonen reduserast.

Dei to raude områda er Karmøy-Sotra og Nordhordland-Stad. Det raude lyset for desse områda blir vidareført frå førre fargekart. Raudt lys inneber at produksjonen må reduserast med 6 prosent, ifølgje regjeringa.

Dei resterande fem produksjonsområda får gult lys. To av produksjonsområda som var grøne i 2022, har vorte gule i år. Gult lys inneber at produksjonen verken kan vekse eller må minke. Desse områda er Ryfylke og frå Stad til Bodø.

– Vi held fram med å leggje til rette for vekst i områda der lakseluspåverknaden på villaks er akseptabel. Det inneber også at produksjonskapasiteten blir halden uendra i fleire område, og at vi reduserer produksjonskapasiteten i område med uakseptabel påverknad, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) i ei pressemelding.

Powered by Labrador CMS