Utstyrt med traktor, ein romsleg vassdunk og ei hendig pumpe har 16 år gamle Elisas Svantesvold sytt for vatn og gjødsel til plantane som har pynta sentrum i Etne denne sommaren. Ein gong i veka har han fylt vassdunkane på dei nye blomsterurnene og amplane med livgjevande gjødselvatn til glede for både fastbuande og turistar på gjennomreise.
— Eg har fylt opp med vatn i amplane og vatna dei store krukkene. Eg vatnar om natta når det er lite trafikk. Eg blei spurd om å gjera jobben og det har vore ein grei sommarjobb, seier 16-åringen frå Etne som har lånt traktoren heime på garden for å utføra jobben.
— Eg har hatt jobb heime på garden og vatning som sommarjobb, seier han.