Ferja slår ut fjernsynet
Når ferja legg til kai i Skånevik mistar Herbjørg Jensen tv-signala sine. Denne veka kjem myndigheitene til bygda for å gjere målingar av radarstrålinga.
— Det er irriterande at fjernsynet går i svart så ofte, seier Herbjørg Jensen.
Pensjonisten har Skånevik ferjekai som nærmaste nabo, og det er når ferja legg til kai at problema oppstår. Ferja, som har 13 anløp om kvardagane, legg til med baugen vinkla rett mot leilegheita hennar, om lag 50 meter frå stova kor fjernsynet hennar står, og mykje tyder på at det er stråling frå radaranlegget som slår ut det moderne fjernsynet hennar.
Jensen opplever alt frå skrapande lyd i fjernsynet til sterke forstyrringar av tv-bileta. Og nokre gonger går skjermen heilt i svart. Ho fortel at problema oppstod då ha skaffe seg eit nytt fjernsyn for nokre år sidan.