Forfattar Anna Folkestad (t.v.) trivest godt i dialog med små lesarar. Ho meiner dei har kloke og enkle løysingar på ting. Søstrene Emma (2), Anna (3) og Ella (6) Mæland Voie frå Etne var blant publikummarane som møtte opp. Ingleid Bjelland Ekornrud (brun genser) var også på plass. Foto: Anita Haugland
Forfattar Anna Folkestad (t.v.) trivest godt i dialog med små lesarar. Ho meiner dei har kloke og enkle løysingar på ting. Søstrene Emma (2), Anna (3) og Ella (6) Mæland Voie frå Etne var blant publikummarane som møtte opp. Ingleid Bjelland Ekornrud (brun genser) var også på plass.
Marie Øvernes viser fram utstillinga, Besta - og andre ville folk og dyr, laga av elevar i 1. trinn ved Enge skule.
Marie Øvernes viser fram utstillinga, Besta - og andre ville folk og dyr, laga av elevar i 1. trinn ved Enge skule.
Alma G. Gravelsæter (5, t.v.) og Tuva Jacobsen Lothe (4) fargelegg peparkakehus frå boka, Pyntepanikk.
Alma G. Gravelsæter (5, t.v.) og Tuva Jacobsen Lothe (4) fargelegg peparkakehus frå boka, Pyntepanikk.
Anna Folkestad fekk tildelt pokal, sidan ho er den mest populære forfattaren ved Etne bibliotek for tida.
Anna Folkestad fekk tildelt pokal, sidan ho er den mest populære forfattaren ved Etne bibliotek for tida.
Trygve Hjelmeland Moe (12 år,vokal til høgre), Ludvig Rygg Sørheim (11 år, trommer ) og Ahmad Alhamdan (13 år, bass) elskar musikk, og kjem nok til å by på fleire konsertar framover.
Trygve Hjelmeland Moe (12 år,vokal til høgre), Ludvig Rygg Sørheim (11 år, trommer ) og Ahmad Alhamdan (13 år, bass) elskar musikk, og kjem nok til å by på fleire konsertar framover.
Rimas Kirawan og Ella Marie Steen framførte fleire songar på fiolin.
Rimas Kirawan og Ella Marie Steen framførte fleire songar på fiolin.
Her spelar Ella Opheim piano, saman med Linas Dakinevicius.
Her spelar Ella Opheim piano, saman med Linas Dakinevicius.

Fenga dei unge lesarane

Bøkene til Anna Folkestad er for tida dei mest populære ved biblioteket i Etne. Laurdag var ho sjølv på plass, og presenterte rykande ferskt stoff til unge lyttarar.

Publisert Sist oppdatert

— Eg er eigentleg imot å byrje for tidleg med jul, men eg hadde jo lyst å lese noko nytt som ungane ikkje har høyrt før! fortel forfattar Anna Folkestad frå Stord.

Ho er aktuell med boka Pyntepanikk, der dei allereie kjende karakterane Besta og Bo er i vinden igjen. I sommar gav ho også ut boka Bålbaluba, med dei same hovudpersonane.

— Eg prøver å lage bøker som barna synest er kjekke. Eg meiner jo at det å lære seg å lese legg grunnlag for alt anna, fortel forfattaren engasjert.

I 2011 gav ho ut si første bok om Henrik And. Sidan den tid har det blitt ei rekkje bøker. Illustrasjonane står ho for sjølv.

Teikneseanse

— Me må jo teikne litt også? Kva skal Besta ha på seg i dag? Spør forfattaren, medan ho har papir og tusj klar.

Barna meiner ho skal vere ein julenisse, og føreslår at Folkestad må teikne skjegg og høge støvlar.

— Er ho blid? spør Folkestad.

— Nei ho er sur! svarer ein av publikummarane på tilhøyrarplass.

Det kjem også forslag om fiskestong i handa, sekk til gåver, lus og fis.

Folkestad plar alltid å leggje inn litt teikning når ho reiser rundt på bibliotek og skular.

— For min del er det dette som gjer turneen spennande frå stad til stad. Eg veit aldri kva barna føreslår. Dessutan er det morosamt med barn som kommenterer at karakteren liknar på den i bøkene. Dei tenkjer nok ikkje over at det også er eg som har laga illustrasjonane i bøkene, fortel Folkestad.

Marie Øvernes viser fram utstillinga, Besta – og andre ville folk og dyr, laga av elevar i 1. trinn ved Enge skule.

Topp tre og pokal

Etter høgtlesing og teikning kjem barne- og ungdomsbibliotekar, Ingeborg Sørheim, med ei overrasking. Ho kan nemleg røpa at Tanntrøbbel, Krabbekrise og Plommeproblem er dei mest utlånte bøkene ved Etne bibliotek for tida. Folkestad er forfattar og illustratør av alle dei tre bøkene.

— Me vil difor gi deg ein pokal! seier Sørheim, og tek initiativ til ein god applaus.

Folkestad fortel at det er første gong ho får ein stor pokal, og at ho synest det er skikkeleg stas.

— Den skal nok få plass i stova, seier Stord-forfattaren.

Alma G. Gravelsæter (5, t.v.) og Tuva Jacobsen Lothe (4) fargelegg peparkakehus frå boka, Pyntepanikk.

Teiknekonkurranse

Etter lyttestunda er det barna sin tur til å vere aktive. Dei som vil får fargeleggje Besta og Bo, eller peparkakehuset til Besta.

— Eg elskar å teikne! seier Ella Mæland Voie (6) frå Etne.

Yndlingsfargen er lilla, og difor blir det også lilla julelys på teikninga av Besta og Bo.

Tuva Jacobsen Lothe (4), Alma G. Gravelsæter (5) og Elena Jacobsen Lothe (8) fargar peparkakehus. På spørsmål om kva dei meiner er viktig til jul, ramsar dei opp både nisse, julepynt, stjerner, peparkakehus, juletre og gåver.

— Likar de å lese bøker?

— Ja, mamma og pappa plar lese for meg, fortel Alma G. Gravelsæter.

Anna Folkestad fekk tildelt pokal, sidan ho er den mest populære forfattaren ved Etne bibliotek for tida.

Teikneutstilling

Rundt 120 små og store publikummarar tok turen til biblioteket i Etne, for å vere med på høgtlesingsstund. På arrangementet kunne dei frammøtte betrakte utstillinga, Besta – og andre ville folk og dyr, laga av elevar i 1. trinn ved Enge skule.

— Eg hadde først ei økt med høgtlesing, og deretter laga elevane teikningar, fortel Ingeborg Sørheim.

Marie Øvernes (6) var blant dei som hadde kunstverk på veggen.

— Eg teikna besten og Mira, hunden vår. Besten kom eg på sjølv, han er så tøysete, og i sommar fekk eg is av han heile tida, fortel 6-åringen.

Mamma, Hanne Øvernes, skryt av arrangementa på biblioteket.

— Det er alltid stas å komme hit, så me prøver å gå på det som er, seier Øvernes.

Besten kom eg på sjølv, han er så tøysete

Marie Øvernes (6)

Trygve Hjelmeland Moe (12 år,vokal til høgre), Ludvig Rygg Sørheim (11 år, trommer ) og Ahmad Alhamdan (13 år, bass) elskar musikk, og kjem nok til å by på fleire konsertar framover.

Konsert

Arrangementet blei runda av med konsert der elevar ved kulturskulen i Etne stod for dei musikalske innslaga. Her fekk ein mellom anna høyre piano, fiolin og eigne band-innslag. Rimas Kirawan (12) frå Syria/Etne og Ella Marie Steen frå Danmark/Etne framførte fleire songar på fiolin.

— Det var veldig kjekt. Dette er min første konsert, fortel Ella Marie Steen til Grannar.

Trygve Hjelmeland Moe (12 år, vokal), Ludvig Rygg Sørheim (11 år, trommer ) og Ahmad Alhamdan (13 år, bass) hadde deira første band-øving på onsdag. Allereie laurdag heldt dei konsert.

— Me har ikkje funne namn enno, fortel Ludvig Rygg Sørheim, men dei har fleire idear i tankane.

Dei tre gutane er samde om at det var veldig gøy, så dei kjem nok til å fortsetje i tida framover.

Rimas Kirawan og Ella Marie Steen framførte fleire songar på fiolin.
Her spelar Ella Opheim piano, saman med Linas Dakinevicius.
Powered by Labrador CMS