89 år gamle Osmund Lærdal tok seg ein svingom saman med Ingfrid Byrkja Hystad.Foto: Irene Mæland Haraldsen
89 år gamle Osmund Lærdal tok seg ein svingom saman med Ingfrid Byrkja Hystad.

Fekk svinga dansefoten

Kjende tonar lokka fram minne frå svunne tider då Vindafjordtunet inviterte til bryggedans ved vatnet. 89 år gamle Osmund Lærdal var ein av fleire som prøvde seg på dansegolvet.

Publisert Sist oppdatert

Like i vasskanten ved det idylliske Vatsvatnet er det pynta til fest. Tre og buskar er dekorerte med fargerike ballongar og norske flagg, og i den vesle kiosken bognar det av godsaker for dei som ønskjer noko å bita i eller har lyst på noko godt i glaset. Det lokale bandet Rullator And The Pacemakers har tatt plass på scenen og serverer fengjande tonar til eit begeistra publikum som kosar seg i godvêret denne kvelden. Dansegolvet er ope for alle og dei som har lyst kastar seg med i dansen.

— Eg likar å dansa, men eg dansa meir før, seier Osmund Lærdal og held godt fast i armen til Ingfrid Byrkja Hystad.

89-åringen frå Sandeid er ikkje like sprek til beins som han ein gong var, og når han skal svinga seg i takt med musikken er det godt å ha ein stødig dansepartnar å støtta seg på.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS