Lyden av taktfaste trommslag spreier seg i lokalet i kjellaren på Skakke. Trommelærar Lars Kolstad, alias Trommelars, har tatt turen til Etne for å læra barn og unge korleis dei kan laga ekte trommemusikk. Med seg i bagasjen har han ulike typar bongotrommer og rytmeinstrument som deltakarane kan får låna i løpet av det halvtimes lange kurset. Første post på timeplanen er å gjera elevane kjent med trommene og visa dei ulike måtar å spela på.
— Nå skal me læra trommemusikk og bli kjent med trommene, seier Trommelars og slår nokre slag på tromma.
— Visste de at trommene kan snakka. Dei kan snakka lyst og mørkt, og nå skal me prøva å tromma eit namn, seier han.