Fekk gode innspel til vegen vidare
— Dette har vore veldig lærerikt. Eg har fått lært om bedrifter eg ikkje før visste om, seier Jakob Berentsen som har brukt dagen til å undersøkja teknologi og industrifag.
Etter ein runde blant utvalde bedrifter inne i Tysvær Arena er 10.-klassingen frå Skjold blitt heilt sikker på eigen yrkesretning.
— Det har forsterka valet mitt, seier han.
For medelev Veslemøy Gregersen er ikkje yrkesvalet heilt spikra ennå, men ho trur ho trur ho vil velje eit yrke innan design og arkitektur.