Gapahuk med grill er på plass ved Svorindsvad langs turvegen mellom Ølensvåg og Bjoa.Foto: Privat
Gapahuk med grill er på plass ved Svorindsvad langs turvegen mellom Ølensvåg og Bjoa.

Fekk gapahuk i gåve

Tek du turen langs den nye turvegen mellom Ølensvåg og Bjoa har du nå høve til å ta ein pust i bakken i den nye gapahuken som er gitt i gåve til Vindafjord Turlag.

Publisert Sist oppdatert

Ein splitter ny gapahuk har fått plass på den nye turvegen mellom Ølensvåg og Bjoa. Gapahuken er ei gåve frå May Britt Matre frå Ølensvåg som under julemessa i Ølensvåg, trekte vinnarloddet og sikra seg hovudgevinsten i form av ein romsleg gapahuk. Den glade vinnaren sleit med å finna plass til gevinsten heime i hagen, og løysinga blei å gje den vekk. Valet falt på Vindafjord Turlag som tidlegare i vår ferdigstilte på ein turveg mellom Ølensvåg og Bjoa.

— Eg visste dei laga ein turveg, og tenkte at det kunne vera kjekt å ha ein plass å kvila seg. Eg trur kanskje det blir fleire som brukar turvegen nå, seier Matre som er godt nøgd med plasseringa ved Svorindsvad.

— Det er ein veldig fin plass dei har sett den opp, seier ho.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS