Berit Eide (t.v.), Kari Bauge, Jan Oliversen, Klara Vatnedal, og Hjørdis Torstveit i bokkomiteen til Vats Bygdekvinnelag.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Berit Eide (t.v.), Kari Bauge, Jan Oliversen, Klara Vatnedal, og Hjørdis Torstveit i bokkomiteen til Vats Bygdekvinnelag.

Feirar jubileum med minnebok

Då Vats Bygdekvinnelag skulle markera 70-års jubileum midt i koronaåret 2021 var det uaktuelt å møtast saman i festleg lag. Løysinga blei å samla laget si historie mellom fire permar og feira jubileet med eigen bok.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag 3. april 1951 hadde Vats Bondekvinnelag sitt første møte. Formann Gunda Tørresdal ønskte velkomen, so song ein saman. Det blei teikna 18 medlemmer. So vart det val av 4 styremedlemmer med varamedlem».

Slik startar referatet frå det første møtet i Vats Bygdekvinnelag for 71 år sidan. Referatet er å finna i laget si nye minnebok, Minne gjennom 70 år», saman med ei lang rekkje små og store hendingar i laget si lange historie. Ideen til bokprosjektet dukka opp under eit styremøte då 70- års jubileet skulle planleggjast. Med koronaviruset herjande rundt i distriktet var det uaktuelt å stella i stand fest i jubileumsåret, men ei minnebok med små og store hendingar blei eit godt plaster på såret.

Arbeidskrevjande

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS