Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Feira nye lokale

Publisert Sist oppdatert

— Eg må alltid kjøpa noko når eg er innom her, seier tidlegare ordførar i Vindafjord, Signy Rønnevik frå Vikedal og kikkar på utvalet i den vesle butikken.

Her er litt av kvart å velja i. Påskepynt, strikk av ulikt slag, fletta korger og bruksting laga av tre er noko av det ein finn i hyllene denne dagen. Alt laga av flittige brukarar som har aktivitetshuset som sin faste arbeidsplass. Varene går unna i ein fart og snart er det nesten tomt i hyllene. Og best av alt. Prisane i denne butikken er ikkje berre rimelege, dei er ærlege. Det slo ei av dei den lokale diktarspirene fast då ho las sitt eige dikt om livet på Gnisten under opningsfesten.

For Rønnevik sin del falt valet til slutt på ein vakker bruksting i flettemønster. Det sikra ho som minne frå opningsdagen av det nye huset, 25 år etter at det første aktivitetshuset opna sine dører. Den gong sat ho som ordførar i Vindafjord kommune og hugsar godt korleis ting såg ut då den tidlegare handelsskulen vart omgjort til aktivitetshus.

Powered by Labrador CMS