Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Feira med sommarfest

Publisert Sist oppdatert

Kvar sommar inviterer bibliotek rundt om i landet elevar i 1.-7.klasse til digital lesekampanje i sommarferien. Kampanjen varer frå første juni til 31. august. Deltakarane samlar poeng ved å løysa oppgåver, henta kodeord på det lokale biblioteket og lesa og registrere bøker dei les i løpet av kampanjeperioden. Deltakarane kan enten lesa sjølv, få andre til å lesa høgt eller lytta til teksten. Undervegs gjer deltakarane seg fortent til små premiar som dei kan henta på biblioteket. Leseinteressa har vore stor både i Etne og Vindafjord.

Samling på biblioteket

I Etne blei lesekampanjen avslutta med stor Sommarlesfest på biblioteket siste dag av lesekampanjen og i år kunne elevane ved skulane i Etne kommune feira at dei hadde lest seg inn på topp 10-lista for heile landet når det gjeld oppslutnad. I løpet av perioden leste 318 deltakarar til saman 4776 bøker. Det er ein liten nedgang i talet på deltakarar frå 2022 då 326 deltok.

Powered by Labrador CMS