Valdemar Tveit (92) minnest frigjeringsdagen i 1945. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Valdemar Tveit (92) minnest frigjeringsdagen i 1945.

Feira freden med ekstra god mat

92 år gamle Valdemar Tveit frå Vats hugsar godt frigjeringsdagen i 1945. Gladmeldinga fekk han av soknepresten under konfirmantførebuinga og då han kom heim venta mor med noko ekstra godt i gryta.

Publisert Sist oppdatert

Kalenderen viser 8. mai 1945. Frå heimen på Fjellgardane i Vikedalsdalen har ungguten Valdemar Tveit tatt turen ned til kyrkja i Vikedal for å få med seg konfirmasjonsførebuingane. 15 åringen skal stå konfirmant til hausten, og saman med tre andre konfirmantane dette året deltek han på faste konfirmantsamlingar i kyrkja. Lite veit den unge guten at dagen i dag skal bli ein av dei mest minnerike dagane i livet. I fem år har tyske styrkar hatt herredøme over Noreg, men i dag kjem gladmeldinga. Dei tyske styrkane har kapitulert. Fredsbodskapen når Valdemar og resten av den vesle konfirmantgjengen først når dei er vel framme i kyrkja.

— Eg fekk melding om frigjeringa då eg var i kyrkja. Presten sa at i dag er det fred. Me syntest det var så kjekt. Det var alle tiders at krigen var over, seier 92 år gamle Valdemar Tveit og minnest med glede dagen då fem år med krig endeleg var over.

Heime på garden visste familien ingenting då 15-åringen drog av garde tidlegare på dagen, men det gjekk ikkje lang tid før den gode nyheita spreidde seg i nabolaget. Då han kom heim igjen var det duka til fest.

— Dei som var heime hadde fått visst det av naboane. Alle syntest det var flott og me feira frigjeringsdagen med ekstra god mat, seier han.

Presten sa at i dag er det fred

Valdemar Tveit, minnest krigen

Tronge kår

Inst i Vikedalsdalen merka dei lite til krigen. Kvardagen gjekk sin vante gang. Far i huset dreiv gard med to kyr og ti sauer i tillegg til jobb i postvesenet, og mor hadde hendene fulle med å halda styr på ein talrik ungeflokk. Valdemar vaks opp i ein familie med 10 born, men sjølv om dei eldste ungane hadde flytta frå barndomsheimen då krigen braut ut var det mange munnar å mette for den store familien.

— Me hadde noko mat sjølv og så fekk me litt på korta. Mor ysta smør som ho bytte mot brød hos bakaren. Om vinteren sagde eg og bror min ved i skogen som me selde, fortel Tveit.

Besøk av soldatar

Krigens herjingar nådde heldigvis ikkje til Valdemar sin heimplass, men nokre få episodar set igjen i minnet til 92-åringen. Nokre gode, andre vonde.

— Eg hadde ein onkel som var med på tyskarane si side. Far ville ikkje snakka med han og me mista kontakten, fortel Tveit.

Det var sjeldan å sjå tyske soldatar inst i Vikedalsdalen. Likevel hende at dei dukka opp. Men ikkje alle var uvenlege.

— Kvardagen var som vanleg. Me var ikkje redde for tyskarane. Ein gong kom nokre tyskarar og overnatta i skulehuset. Dei dreiv med skytetrening. Me merka lite til dei og dei gjorde oss ikkje noko. Det var ikkje berre lett for soldatane heller. Ville dei ikkje i krigen blei dei skotne, fortel Tveit og minnest særs ein dag då tyskarane brått stod på dørhella.

— Me hadde tørrhøy ute og ein dag kom tyskarane frå skulehuset og vifta med hendene. Dei åtvara oss om regnet som var på veg, og var uroa for tørrhøyet. Dei hjelpte oss å bera høyet i hus, seier han.

Rabinowitz

For der Führer var utrydding av jødar ein sentral del av krigsprogrammet og i perioden 1938 til 1945 drepte Hitler og han menn meir enn seks millionar jødar. I Haugesund budde jøden Moritz Rabinowitz. Han var ein suksessrik forretningsmann med sterkt samfunnsengasjement, og då krigen starta i Noreg i april 1940 var han ein av dei første norske jødane som blei etterlyst av nazistane. Han la straks ut på flukt og ein av dei første plassane han kom til var Vikedalsdalen.

— Rabinowitz rømde til nabogarden. Han kom mykje til oss og spurde om me hadde post. Men tyskarane fekk vita at han var på garden og han måtte rømma over vatnet til Roaldkvam. Han overnatta to netter under ein stein før motstandsfolk kom og henta han til Etne. Seinare fekk med høyra at han svalt i hel i ein konsentrasjonsleir, seier Tveit.

Under opphaldet i Vikedalsdalen fekk Rabinowitz god hjelp av Tveit si eldre søster. Ho stilte opp som ærendsjente når han venta pakkar til Vikedal, og som takk for hjelpa lova han henne varer frå klesbutikken han dreiv i Haugesund.

— Han lova henne strømper, sko, kåpe og kjole til konfirmasjonen hennar. Så blei han tatt. Men plutseleg ein dag stod ein framand mann utanfor døra hos oss. Han hadde med seg alt Rabinowitz hadde lova og ho fekk nye kler til konfirmasjonen. Ho var den best kledde jenta av alle, minnest Tveit.

Vegen vidare

  1. mai 1945 feire Tveit og familien som vanleg i Vikedal. Dei gjekk til fots den lange vegen ned til bygda og vel framme venta leikar, folketog, brus og kaker.

— Me song nasjonalsongen og folk var glade, seier 92-åringen.

Etter krigen drog 15 år gamle Tveit ut i den store verda. Først fire år som tenestegut på Finnøy og seinare 11 månader i militæret. Så bar det tilbake til heimlege trakter og jobb som sjåfør i Vikedal og Sandeid, før fast jobb som lastebilsjåfør hos Sakarias Nesheim i Vats. Her møtte han Gulli som var dotter til Sakarias, og snart blei dei to eit par. Dei gifte seg og slo seg ned i nybygd hus på Nesheimsgarden og fekk fire born saman. I dag er kona død, men 92-åringen bur framleis i huset som har vore heimen hans i over 60 år.

Powered by Labrador CMS