Lærling i Omega 365 Solutions, Tor Inge Mokleiv, partileiar i Høgre, Erna Solberg og lærling i DeepOcean AS, Maricris Cortez Skålnes. FOTO: KRISTIAN RISANGER/OMEGA 365
Lærling i Omega 365 Solutions, Tor Inge Mokleiv, partileiar i Høgre, Erna Solberg og lærling i DeepOcean AS, Maricris Cortez Skålnes.

Feira fagprøve med Erna-møte

Tor Inge Mokleiv (19) frå Ølensvåg kunne tysdag feire bestått fagprøve i IT-utvikling. Dagen etter ville Høgre-leiar Erna Solberg helse på vindafjordingen.

Publisert Sist oppdatert
19-åringen, som fullførte fagprøven sin tysdag, fekk dagen etter eit møte med Høgre-leiar Erna Solberg. Dei to diskuterte utdanningsløpet og relevansen til IT-utvikling for næringslivet.

— Eg fekk ein telefon 30 minutt før eksamen om at Erna Solberg ønskte å møte meg dagen etter for å høyre om mine erfaringar som avgangslærling i Omega 365. Så du kan seie at eg hadde litt ekstra press på meg! Heldigvis gjekk alt bra, seier Mokleiv til til Omega 365 sin eiga nettstad.

Under besøket i Haugaland-regionen onsdag snakka Solberg med tre lærlingar ved OKSS Opplæringskontor (Opplæringskontor sal og service). Besøket var ein del av hennar tur til ulike utdanningsinstitusjonar for å få innsikt i IT-utviklingsløpet. Solberg skal ha uttrykt interesse for kvifor lærlingane valde denne karrierevegen og korleis den passar med næringslivets behov.

Silje Sandven, dagleg leiar for IT-fag ved opplæringskontoret, framhevar kor viktig det er å ha lærlingar som Mokleiv:

— Dei har tatt eit modig val, ettersom vi ikkje visste korleis næringslivet ville reagere på denne nye vegen. Men Omega har verkeleg gått foran og vist at dette programmet er høgst relevant, med for tida 11 lærlinger i Rogaland innen IT-utvikling, seier ho til nettstaden.

Mokleiv delte også med Solberg korleis hans interesse for IT byrja tidleg, og korleis han har gått frå å programmere Lego-robotar i Kodeklubben til å bli lærling i Omega 365.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS