Feira eit godt turår for barna
Sola kikka fram og laga ei fin ramme rundt premieutdelinga til Barnas turlag i Etne der det vanka premiar til dei 53 deltakarane.
Barnas Turlag i Etne har funnet nokre nøklar for korleis små og store skal komme seg meir ut på tur. Dei planlegg mellom anna ti turar kvart år tilpassa barn. Turane er alt frå 10 minutt til to-tre timar, og det er utplassert raude postkassar ved turmåla. Det er valfritt kva turar du ynskjer å gå og når du ynskjer å gå. Systemet er basert på tillit med bok på kvar stad der ein kan skrive seg inn.
— Har du gått meir enn fem turar får du premie, sitjeunderlag og kopp, fortel fem år gamle Anders Grindheim.
Sjølv har han gått seks turar, men skulle kanskje ynskje han hadde klart ti, Han har nemleg nettopp oppdaga at dei som har nådd målet om ti turar også fekk bamse i premieposane sine.