Feira 80 år med Mummitrollet
Laurdag vart Mummidalen vekka til liv på Vindafjord bibliotek, då Mummitrollet sin 80-årsdag blei feira med høgtlesing, spel og aktivitetar. Rundt 45 store og små tok turen til Sjøperlo for å vere med på bursdagsfesten.
– Mummitrollet er ein veldig stor litterær figur. Det er ein nordisk forfattar, som har skreve noko veldig folkekjært som mange kjenner til. I og med at me er eit bibliotek, og at me sjølvsagt vil fremme litteraturen, var det ganske naturleg for oss å arrangere noko i den forbindelse, seier bibilotekar Karina Augestad Hjelme om kvifor dei ønskte å markere jubileumet.
Mummitrollet-universet blei skapt av Tove Jansson I 1945, og då med utgivinga “Småtrolla og den store flaumen”. Siden oppstarten har forteljingane blitt oversett til over 45 språk, ifølgje SNL.
Mummi-tema og nye aktivitetar