Fargerik haustfest blei til digital konsert
Det store høgdepunktet for integreringsgruppa Mitt fargerike nabolag, har alltid vore den store haustfesten. I år inviterte dei i staden på koronavennleg digital konsert.
Sjølv om Mitt fargerike nabolag sitt høgste ønske var å få arrangera haustfesten på tradisjonelt vis, har koronapandemien sørgt for at det ikkje var mogleg. Så i staden for haustfest, tromma integreringsgruppa saman ein fin gjeng som gjennomførte ein digital konsert frå scenen i Sjøperlo i Ølen sist onsdag. Og midt i nedturen, blei denne konserten ein god opptur.
— Den blei filma av Svein Egil Økland, og denne filmen har me lagt ut på Facebook-sida vår. Her kan me sjå at over 700 personar alt har sett konserten digitalt, og det er jo mange fleire enn me hadde fått plass til inne i salen, seier Signe-Britt Vik i leiargruppa, før helga.
Ung diktar