HMS-rådgjevar Magnus Haugland (t.v.) og bonde Kjell Einar Eide i Ølensvåg konstaterer at kvaliteten på graset er dårleg etter alt regnet i sommar.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Får tilbod om krisehjelp
Bonden på Espeland i Ølensvåg har aldri opplevd noko liknande. Aldri før har det ustoppelege regnvêret i sommar gjort det vanskelegare å få slåtten i hus. Bøen er gjennomblaut av vatn og graset har fått ein brunaktig farge ved røtene som ikkje lovar godt for kvaliteten. Utan samanhengande godvêrsperiode kan det få negative følgjer for fôrtilgangen når vinteren set inn.
— Det har vore heilt spesielt med nedbør i år og dersom eg ikkje får tatt graset nå så blir det dårleg, seier Kjell Einar Eide og fortvilar over den dårlege vekstsituasjonen.
Han har drive som bonde sidan 1982 og som regel er han ferdig med slåtten i august.