Opprørte bønder. i Vindafjord. Eivind Lien (t.v.), Kjell Thomas Kirketeig og Jakob Eskeland drog til rådhuset i Ølen med sitt bodskap etter kollapsen i landbruksoppgjeret. Der møtte dei fungerande ordførar Tove Elise Madland (Ap) og fekk stor sympati.Foto: Jon Edvardsen
Opprørte bønder. i Vindafjord. Eivind Lien (t.v.), Kjell Thomas Kirketeig og Jakob Eskeland drog til rådhuset i Ølen med sitt bodskap etter kollapsen i landbruksoppgjeret. Der møtte dei fungerande ordførar Tove Elise Madland (Ap) og fekk stor sympati.

Får sympati etter brotet med staten

Bønder i Vindafjord får sympati frå ordførar Tove Elise Madland (Ap) etter at regjeringa la fram eit tilbod bøndene ikkje vil forhandle på. Hjelp, er blitt bodskapen frå norske fjøs.

Publisert Sist oppdatert

Ei heller forsiktig markering framfor rådhuset med traktor og rundball med påskrifta Hjelp møtte ordføraren. Også i andre delar av kommunen er det synleg at bøndene meiner tilbodet i jordbruksforhandlingane er langt under det akseptable, formidla på rundballar og bannerar.

— Eg er ikkje så bekymra for meg sjølv, men meir for den neste generasjonen som skal ta over og får utfordringar, seier Eivind Lien.

Han meiner inntektene ikkje er store nok til å møte vekst i kostnader og behov for å investere framover for å takle krava som blir stilte til jordbruket.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS