Får sisteplassen i formannskapet
Brikkene er i ferd med å falle på plass i kampen om posisjonar i Vindafjord. Sisteplassen i formannskapet går truleg til 25 år gamle Mats Årvik frå Frp.
Bjoa bygdeliste, Miljøpartiet dei grøne (MDG) og SV kan gjennom eit valteknisk samarbeid ta frå Frp plassen i formannskapet. Men det ser dei tre partia seg neppe tente med fordi det berre er éin plass i formannskapet dei kan oppnå, og ingen andre posisjonar.
Dersom eksempelvis SV får plassen i formannskapet, ville ingenting bli igjen til dei to andre.
Utfallet blir difor truleg eit valteknisk samarbeid mellom Høgre, Frp, Bjoa bygdeliste, MDG og SV der også dei minste partia får litt, og Frp den siste plassen i formannskapet.