Får sentral posisjon i kampen om vegmidlar
Frp er meir på sidelinja etter at den raudgrøne regjeringa overtok rattet, men Terje Hallelland (Frp) har fått ein sentral posisjon i samferdsle som han skal bruke til fulle.
Stortingerepresentanten får Ølen var innstilt på nye fire år i energi- og miljøkomiteen, men no har han fått ei ny rolle som Frp sin samferdslepolitiske talperson og er første nesteleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen.
— Det er eit område som passar meg bra. Eg hadde sett denne komiteen på lista, men eg tenkte ikkje at eg ville kome der. Mange er interessert i temaet. Vegar er viktig og det er mange prosjekt å prioritere og løfte fram. Samferdsle er jamt over interessant på våre kantar, seier Terje Halleland.
Det er eit politikkfelt han gjerne engasjerer seg meir i.