Skjold Arena er den nest største mottakaren av spelemidlar i Vindafjord i år. Her er Bergfinn Wannberg og Siri Alice Nonslid framfor arenaen ved eit tidlegare høve. Arkivfoto.
Får over 3,7 millionar til idrettsanlegg
Potten er 30 millionar større enn i fjor, og politikarar i Regional-, kultur- og næringsutvalet har bestemt korleis den skal fordelast. 33 millionar av årets utdeling går til Haugalandet.
Fleire bygder får
Fordelinga viser at Vindafjord får 3.722.000 til bygging av idrettsanlegg. Anlegga i kommunen som får pengar er Ølen Idrettshall (500.000), Skjold Arena (1.074.000), Fjellstøl skistadion (92.000), Vikedal motorbane (1.500.000) og balanseparkar på Vikedal- (256.000) og Vats skule (300.000).