Her er far Asbjørn Aarekol med døtrene Karina (t.v.) og Signe, med Eiffeltårnet bak seg.
FOTO: Privat
Far og døtre sykla til Paris
Naboen på Skeie i Sandeid drog han òg med seg. Terje Ørnes (56) har sykla nokre mil før, så det klarte han godt. Karina Aarekol-Johnsen bur i same nabolag i Sandeid, medan søstera Signe bur i Tysvær. Ho er fysioterapeut, noko som sikkert var nyttig for fleire av sykkelryttarane.
Frå Etne og Vindafjord var det i tillegg til Ørnes, Aarekol og døtrene hans, Kjell Ekornrud som òg har sykla distansen tidlegare. Han er født i 1956, så han rundar 70 til neste år. Det gir truleg ikkje så høge odds om ein set pengar på at etnebuen kjem til å feira det syttiande året på sykkelsetet til Paris.
Det er litt ulik startstad for Team Rynkeby. Typisk er det i Oslo eller København, men det har blitt ei greie at mange startar heimefrå der dei bur.