Etne kommunestyre vedtok onsdag kveld å godkjenne forslaget til sluttavtale for rådmann Pål Nygård. Han har ifølgje avtalen vald å seie opp i stilling som følgje av at dei folkevalde har ulikt syn på korleis kommunen sine utfordringar skal løysast.
Dette er hovudtrekka i rådmannen sin sluttavtale:
• Nygård har sagt opp. Han fråtrer 1. desember, men oppseiinga gjeld formelt frå 28. februar 2019.