Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og rådgivar Ingrid Johannessen ved areal og forvaltning tok med seg formannskapet på synfaring til idrettsområdet i Ølen i april. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og rådgivar Ingrid Johannessen ved areal og forvaltning tok med seg formannskapet på synfaring til idrettsområdet i Ølen i april.

Får leggje om idrettstrafikk

Bekymra bebuarar i Gartnerihagen fekk ikkje gehøyr hos Statsforvaltaren i Rogaland. Dermed får kommunen gjennom planane sine om å flytte tilkomsten til idrettsområdet frå Litlehagen og bort dit.

Publisert Sist oppdatert

— I denne saka har kommunen vurdert utbyggingsinteressene opp mot interessene til klagarane, og har kome fram til at utbyggingsinteressene må vegast tyngst. Dei omsyna kommunen har lagt vekt på, er saklege og rimelege, skriv Statsforvaltaren i Rogaland i eit vedtaksbrev signert seniorrådgivar Knut Ragnar Slettebø og rådgivar Anne-Margrethe Tretli Modalsli 7. august.

To bebuarar hadde klaga på Vindafjord kommune sitt vedtak av reguleringsplan 18. juni 2024. Klagane blei avviste av formannskapet 8. april i år, og no stadfestar Statsforvaltaren vedtaket. Det kan ikkje klagast til overordna forvaltningsorgan.

To vegar på sikt

I dag er det ein 11-ar-bane og Ølen IL sitt klubbhus på idrettsområdet, og klubben skal snart i gang med bygginga av ein fotballhall. Det meste av trafikken går opp til området via Litlehagen, men i reguleringsplanen blir denne stengd for gjennomkøyring.

Før formannskapsmøtet, der politikarane behandla klagane, var dei på synfaring og fekk sjå korleis Gartnerihagen er tenkt utvikla for å bli tilkomstveg til idrettsområdet. Det skal mellom anna kome ei vegutviding og eit fortau, noko som vil råka nokre hagar.

Hageområdet til høgre i bilete vil bli råka av vegutvidinga.

Politikarane la til eit tilleggspunkt:

Formannskapet har som føresetnad at stenginga av tilkomsten frå Gartnerihagen ikkje skal skje før arbeidet med utviding av vegen Litlehagen og opparbeiding av fortau er starta opp.»

Det er ikkje berre idrettsområdet i Ølen som er i utvikling. Fatland Ølen er i gang med bygginga av eit nytt produksjonsanlegg. Med utvidinga vil det òg kome ein ny veg frå slakteriet og ned til idrettsområdet. Det nye produksjonsanlegget er venta ferdig i 2027.

Fleire års arbeid

Prosessen mot ein reguleringsplan for tilkomst til idrettsområdet starta med eit oppstartsmøte 10. februar 2021. Sidan har det vore høyring, arkeologiske utgravingar, grunnundersøkingar, to rapportar, og Statsforvaltaren har trekt motsegna si.

Undervegs i planprosessen har det vore fleire avklaringsmøte mellom kommunen, konsulenten og Ølen IL.

Då kommunestyret vedtok ei detaljregulering for idrettsområdet 30. mai 2024, tok dei òg til etterretning at gangveg til Osen ikkje fann løysing i denne planen dersom planen skulle kunne vedtakast då. Dei bad likevel kommunedirektøren fortsetja arbeidet med å løysa dette, eventuelt gjennom ein eigen reguleringsplan.

I juni 2024 sende to bebuarar i Litlehagen inn klager på vedtaket.

Støttar vurderingane

Klagane handlar i hovudsak om bruk av Litlehagen som tilkomstveg, og dårleg dialog med grunneigarane. Den eine klagaren sine innspel blei oppsummerte i åtte punkt i saksinnkallinga til formannskapsmøtet 8. april 2025:

  1. Meiner det ikkje er henta inn informasjon/vore dialog med grunneigarane i planprosessen, trass i at fleire har sendt inn innspel. Stiller difor spørsmål ved om saka er godt nok opplyst.
  2. Kva blir konsekvensane for eigedomane – må grunneigarane avstå grunn? Dette er svakt skildra og med lite omsyn til grunneigarane. Det trengst konkret informasjon.
  3. Det er ikkje lagt inn noko om fartsdemping og belysning. Trafikkmålingane er ikkje gode nok! I samband med fotballkampar og andre arrangement er det stor trafikk med mange ulike køyretøy i høg fart. Dette, kombinert med mange mjuke trafikantar, gir dårleg trafikktryggleik.
  4. Avkøyringa til Ølen vgs og Ølensjøen barnehage har dårleg sikt nedover mot senteret. Bilistar på veg oppover kappar svingen. Dette aukar risikoen for trafikkuhell.
  5. Er planlagt tilkomst til Ølen idrettshall frå Litlehagen nødvendig? Kva blir konsekvensane, og skal denne nyttast av bilar? Kan dette bli ein snarveg til Dreganesvegen eller ei rundkøyring»? Ligg det noko meir av planar her som ikkje kjem fram av planen (sirkelform på kartet)?
  6. Kunne ein ikkje fått til ein tilkomst i samband med endringa av reguleringsplanen for Haugane i samband med Fatland AS si utbygging?
  7. Kvifor skal ein stengja av Gartnerihagen i øvre enden? Trafikken til idrettsanlegget bør heller fordelast på begge desse tilkomstane.
  8. Oppsummert skriv personen at ho klagar på saksutgreiinga og meiner saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst. Ho forventar munnleg dialog ved handsaming av klaga.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen svara ut desse punkta i saksutgreiinga til formannskapsmøtet. Mellom anna viste han til at kommunen er i ferd med å starta planarbeid for tilkomst for mjuke trafikantar frå Osen. Samstundes ønskjer ein òg å starta planarbeidet for ny tilkomst til Ølen idrettsområde frå sør, via Øvrehagen og Haugane. Om stenginga av Gartnerihagen skreiv han at det ikkje er ønskeleg med for mange tilkomstar.

Den andre klagaren ønskte at representantar frå kommunen skulle kome på synfaring, slik at han som grunneigar kunne få ein detaljert plan og stilla spørsmål om korleis gata skal sjå ut. Inntil han hadde fått svar på spørsmål knytte til prosjektet, klaga han på planvedtaket. Folven Bergesen skreiv at representantar frå kommunen ville gå i dialog med grunneigarane i samband med grunnerverv og byggeplanfase i løpet av våren.

I vedtaket skriv seniorrådgivar Knut Ragnar Slettebø og rådgivar Anne-Margrethe Tretli Modalsli at Statsforvaltaren i hovudsak viser til kommunen si saksbehandling, og tiltrer deira vurderingar.

Powered by Labrador CMS