Arbeidsløysa går gradvis ned, melder NAV Rogaland.Illustrasjonsfoto
Færre er ledige i Vindafjord
Avslutning av dei strengaste smitteverntiltak bidrog i april til å redusera talet på ledige i Nord-Rogaland, viser tal frå NAV. 15 842 personar er registrert som arbeidsøkjande i Rogaland ved utgangen av april. Det er over 900 færre samanlikna med mars. Samstundes er det lyst ut 4 900 nye stillingar. Gjennom heile april har arbeidsledigheten i Rogaland bevega seg sakte nedover. Størst er nedgangen blant dei heilt ledige. 8715 personar er heilt utan jobb. Dette tilsvarar 3,4 prosent av arbeidsstyrken og er 845 personar færre enn i mars. På landsbasis er andelen heilt ledige 4 prosent av arbeidsstyrken. Stavanger ligg høgast med 4,1 prosent heilt ledige. Haugesund har 3,9 prosent og Sandnes 3,8 prosent. I Vindafjord er 96 personar heilt ledige. Det utgjer 2 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 247 personar frå same tid i fjor.