Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Andelen nynorskelevar har gått ørlite ned det siste skuleåret. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Andelen nynorskelevar har gått ørlite ned det siste skuleåret.

Færre elevar med nynorsk

Publisert Sist oppdatert
Time på Jæren aukar mest – med 123 fleire nynorskelevar enn førre skuleår, melder nettavisa Framtida.no som viser til nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

Det er framleis Bjørnafjorden kommune sør for Bergen som har flest nynorskelevar i Noreg. Dei aukar med 72 nynorskelevar til totalt 3163 elevar med nynorsk som opplæringsspråk.

I Rogaland er det òg ein auke i Karmøy på 76 nynorskelevar og 16 fleire i Vindafjord. Alver rett nord for Bergen går fram med 52 fleire nynorskelevar.

Færre elevar

I landet under eitt er det færre elevar med både bokmål og nynorsk, fordi det er færre elevar i skulealder. 554.010 elevar har bokmål som opplæringsspråk, medan 73.493 elevar har nynorsk. Det er 686 færre med nynorsk, og 515 færre med bokmål.

Totalt sett går nynorskandelen i grunnskulen ned frå 11,7 til 11,6 prosent.

Sjølv fleire Rogaland-kommunar har fått fleire nynorskelevar, er det ein nedgang totalt sett i fylket. Det er mellom anna stor nedgang i Klepp som har 131 færre nynorskelevar, og det er 36 færre i Sandnes og 18 færre i Hå, skriv Framtida.no.

Størst nedgang har Møre og Romsdal. Ålesund går mest attende med 98 færre nynorskelevar, medan Hustadvika mistar 49 nynorskelevar.

Nynorskelevar per fylke

Nynorskelevar i fylka (endring frå førre skuleår i parentes):

• Agder: 1314 (-51)

• Innlandet 3226 (-18)

• Troms og Finnmark 1 (-1)

• Vestfold og Telemark 1770 (-54)

• Vestland 36.965 (-186)

• Viken 565 (-23)

• Oslo 1 (0)

• Rogaland 14.242 (-76)

• Møre og Romsdal 15.408 (-269)

• Trøndelag 0 (-6)

• Nordland 1 (-2)

Powered by Labrador CMS