Ei måling viser at nordmenn flest ikkje vil inn i EU, men jasida veks stadig.
Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
EU-nei på TV 2-måling
I underkant av seks av ti svarer at dei ville stemt nei dersom Noreg heldt folkeavstemming om EU-medlemskap i dag. Fleire sit framleis på gjerdet.
58,6 prosent ville stemt nei, medan 41,4 prosent ville stemt ja til å melde Noreg inn i EU i dag, viser ei måling hos TV 2. I same måling svarer 17 prosent av dei spurde at dei ikkje har bestemt seg.
EU-motstanden er størst blant menn, med 62,8 prosent nei og 37,2 prosent ja hos spurde som har gjort seg opp ei meining.