Meir må bli gjort for å sikre at Europa tilpassar seg klimaendringane, ifølgje EU-kommisjonen.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB/ NPK
EU-kommisjonen: Må tilpasse oss uunngåelege klimaendringar
EU må gjere meir for å tilpasse seg klimaendringar som det ikkje lenger er mogleg å unngå, åtvarar EU-kommisjonen.
Forslag til grep som kan bli tatt, vart lagt fram av kommisjonen tysdag. Bakgrunnen er ein rapport om klimarisiko i EU som Det europeiske miljøbyrået (EEA) nyleg presenterte.
Ifølgje rapporten står EU overfor katastrofale følgjer av klimaendringane dersom det ikkje raskt blir satsa meir på tilpassing. Klimafarane omfattar hyppigare skogbrannar, vassmangel, problem i landbruket og flaum i utsette kystområde. Dei mest utsette områda er sør i Europa.