Etterlengta med ein tredje revy
Etter to år der revygruppa var i gang med å øve, men måtte avlyse før det blei førestillingar, er det klart for revy i Vikebygd bygdehus. Revysjef Anette Hetland er svært entusiastisk før showet.
— Det kjennest veldig godt å skulle ha revy igjen. Eg er veldig forventningsfull, fortel Hetland.
Dette er tredje gongen det blir arrangert revy i Vikebygd. Årets revy på laurdag har fått tittelen Ein, to…endelig fri!».
Viktig for bygda
Totalt ni skodespelarar i alderen 15 til 60 år står på scena under årets revy, i tillegg til at mange bidreg backstage. Blant anna jobbar ei gruppe ungdommar med lyd og lys. Revyen har utvikla seg til eit høgdepunkt for Vikebygd-samfunnet.
— Me har opplevd at revyen har vore veldig samlande for bygda. Det at me endeleg er klar for å ha ein ny, gler eg meg veldig. Eg trur dette er noko Vikebygd treng, seier revyleiaren.
Alle som skal på scenen bur i Vikebygd. For folk som har flytta til bygda er dette ein god sjanse til å bli kjent med nye folk.
— Ei nytilflytta, som har vore med på liknande andre plassar, tok kontakt for å bli kjent med folk gjennom revyen. Det er også sminkørar som er nytilflyttarar, fortel Hetland.
Positiv tone
Revyen skal vere familieunderhaldning for folk i alle aldrar. Hetland summerer opp med at ho har eitt bonusbarn på ti og ei bestemor på 90 år som begge skal kunne like den same revyen.
— Det skal vere ein festkveld med god stemning. Publikum kan vente seg skodespelarar som byr på seg sjølv og mykje song og musikk. Me har eit utruleg godt lys- og lydanlegg til å vere ein så liten scene seier Hetland, som rosar styreleiar i Vikebygd Revy og Teater, Rolf-Jørgen Julsrud, som ei eldsjel på anleggssida.
Ho opplyser at det kjem til å vere veldig mykje dagsaktuelle problemstillingar i sketsjane. Dei tek opp kvardagsting som er godt kjende for alle, ikkje berre lokale tilskodarar. Revysjefen er veldig klar på at det skal vere ei positiv oppleving for alle på scenen og i publikum.