Etne-toppane får kritikk frå ekspertar på ytringsfridom
Presseforbundet meiner utsegner som kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) kom med mot lokalpolitikarar i siste kommunestyremøte er probIematiske. — Eg har berre prøvd å sikra ein ryddig kommunikasjon, seier ordføraren
I kommunestyremøtet 18. februar gjekk kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse på talarstolen framfor Etne-politikarane for å kommentera forhold knytt til saka om omorganisering av heimetenestene. Han innleidde med at denne saka er breitt orientert om i både råda, hovudutvalet og formannskapet før kommunestyret, og understreka at det i slike omstillingsprosessar er viktig at partane ikkje sår tvil om faktagrunnlag eller prosessar.
Bakgrunnen for kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse sin tale i kommunestyremøtet, var at fleire kommunestyrerepresentantar hadde kome med kritiske kommentarar om omorganiseringa av heimetenestene i Etne kommune – både i sosiale medium og i offentlegheita.
— Ekstra alvorleg blir det når tillitsvalte har behov for å forsvara seg, og prosessen i trepartsamarbeidet vårt, sa han til kommunestyret.