Reidun Holmefjord Børve forlét stillinga som leiar for pleie- og omsorg i Etne kommune.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Etne-leiar har sagt opp
Reidun Holmefjord Børve (55) blei tilsett som pleie- og omsorgssjef i Etne kommune i august 2018, ei stilling ho overtok etter Kitty Soltvedt som i dag har tilsvarande stilling i Vindafjord kommune. Sist veke, berre 18 månader etter at ho fekk den krevjande leiarstillinga, leverte Børve si oppseiing.
Søknadsfrist 6. mai
Reidun Børve har mellom anna vore leiar under den omfattande flytteprosessen frå det gamle til det nye omsorgssenteret i Etne, og som PLO-leiar har ho også vore ansvarleg for drifta av Skånevik omsorgssenter og for heimetenestene i heile kommunen. Ho kom frå stillinga som avdelingsleiar ved Etne omsorgssenter.