Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Etne sine G14-spelarar var sterkast i Vintercupen, og kunne reisa heim igjen frå Grinde med både pokal, og ein sjekk på 1.500 kroner. Foto: Privat
Etne sine G14-spelarar var sterkast i Vintercupen, og kunne reisa heim igjen frå Grinde med både pokal, og ein sjekk på 1.500 kroner.

Etne-gutane triumferte i Vintercupen – slo Fjordar 4–2 i finalen

Publisert Sist oppdatert

Etne sitt G14-lag kunne søndag reisa heim frå Grinde med både pokal, heider og 1.500 kroner i premie etter ein sterk prestasjon i Skjold Vintercup. I finalen mot samarbeidslaget Fjordar, som består av spelarar frå Vindafjord, Skjoldar, Vats og Vikebygd, var det Etne som til slutt stod igjen som verdige vinnarar med 4–2. Finalen blei med andre ord ei skikkeleg lokaloppgjer for Grannar-distriktet.

Etne opna finalen best og var klart best i første omgang. Dei skapte mange store sjansar og burde eigentleg ha leia med meir enn 2–0 til pause. Målscorarane i opningsdelen av kampen var Sebastian Skårdal og Joakim Tungesvik.

Etter pause vart det litt meir uoversiktleg, då Etne brukte heile spelarstallen sin og gjennomførte mange byte, og alle dei 21 spelarane fekk speletid. Dette gav Fjordar høve til å koma inn igjen i kampen. Dei reduserte til 3–2 og hadde eit kort momentum, men like etterpå sette Lukas Tendal inn 4–2 og avgjorde kampen til Etne sin fordel. Jaran Hovda stod for det siste målet i oppgjeret. Målscorarar på Fjordar sitt lag var Lars Amundsen og Viljar Matre.

Powered by Labrador CMS