Forskotsbeløpet for å få ferjerabatt blir endra frå nyttår.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Erstatningsferje på veg til Skånevik-sambandet
Det er Etne-ordførar Mette Heidi Bergvåg Ekrheim som opplyser dette til Grannar onsdag kveld.
Som kjent fekk alle ferjer og hurtigbåtar i reiarlaget Boreal onsdag ettermiddag seglingsnekt av Sjøfartsdirektoratet etter ein revisjon. Ferjesambandet mellom Skånevik, Utåker og Matre i Kvinnherad var blant dei som blei ramma. Ferja slutta å gå i rutetrafikk like etter.
Skyss har jobba utover kvelden for å få erstatning på dei innstilte rutene i Vestland fylkeskommune. Etne-ordføraren kan ikkje lova ei løysing for morgonpendlarane.