Sjøfarer»-forfattaren Erika Fatland har levert det bokhandlarkjedene trur blir årets litterære julegåve.
Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Erika Fatland toppar salslistene med Sjøfareren
Suksessforfattaren frå Ølen fascinerer med reiseskildring om Portugal sitt tapte imperium.
Erika Fatland har igjen tatt den norske bokverda med storm, og i år har ho toppa salslistene med den 700 sider lange boka Sjøfareren som kom ut i oktober. Ei reise gjennom Portugals tapte imperium, som ikkje berre blei årets mest selde bok i Noreg, men også ein internasjonal suksess. Med dette stadfestar Fatland posisjonen sin som ein av dei fremste sakprosaforfattarane i landet.
– Aiaiai, det er ikkje verst. Det er vilt bra! Dette såg eg ikkje komma i mine villaste fantasiar. Då eg skreiv boka Sovjetistan», fekk eg høyra at ingen les reisebøker lenger. Det er herved motbevist, uttalte Fatland til VG denne veka.
Ei verdsomspennande reise