Avstand er det viktigaste våpen i kampen mot smitte meiner kommuneoverleg terje Kleiven og smittevernlege Elisabeth Winterthun.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Er ikkje året for julebord
Kommuneoverlegane Terje Kleiven og Elisabeth Winterthun meiner det er grunn til å tenkje seg om to gonger før arbeidsgivarar opnar for julebord. Førjulstida kan bli ein krevjande periode med auka koronasmitte i landet.
Kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord og kollegaen i Etne, Elisabeth Winterthun, meiner det er grunn til å ta seg litt i akt i tida framover med førjulstid og ei jul der det tradisjonelt er mange møtepunkt med juleselskap og uteliv blant dei som kjem heim på ferie.
— Vi får ein god del spørsmål om arrangement og slike ting fram mot jul, og kva vi meiner om det. Vi viser til nasjonale retningslinjer rundt korona, men ein bør tenkje litt på kva som er nødvendig å delta i, seier Wintherhun.
Det verste scenarioet er om det dukkar opp supespreiarar som gir eit lokalt utbrot. Det er også blitt lettare å få overført viruset gjennom ein samtale ansikt til ansikt fordi det er konstantert nye variantar av viruset som smittar lettare.