Det var dette helikopteret som styrta i sjøen vest for Sotra onsdag kveld.FOTO: JETPHOTOS, OPENSTREETMAP, ADSB-EXCHANGE
Det var dette helikopteret som styrta i sjøen vest for Sotra onsdag kveld.

Equinor-tilsett kvinne i 60-åra mista livet – fem andre er skadd

Ei kvinne i 60-åra omkom i helikopterulukka vest for Sotra onsdag kveld, opplyser politiet til

Publisert Sist oppdatert

Haukeland universitetssjukehus har varla politiet om status for dei seks personane som blei henta opp av vatnet etter den dramatiske ulukka vest for Sotra i Vestland:

• Ein person, ei kvinne i 60-åra, er stadfesta omkomen. Dei pårørande er varsla.

• Ein person er lettare skadd. Fire personar har varierande skadegrad.

Politiet opplyser at dei i samarbeid med Equinor har oppretta eit pårørandesenter på Scandic Kokstad.

Den omkomne var på oppdrag for Equinor, kor ho også er tisett.

– Det er med djup sorg vi no har fått vite at ein person på oppdrag for oss er omkomen i denne tragiske hendinga. Tankane våre går til dei næraste og pårørande, skriv Gisle Ledel Johannessen, som er pressetalsperson for selskapet, i ei melding til VG like før klokka 01.30 natt til torsdag.

Dette var ruta til helikopteret før det styrta onsdag kveld.SKJERMDUMP: Flightradar24

Dei fem andre som var om bord i helikopteret er tilsett i Bristow.

Det var klokka 20.11 onsdag kveld at Hovudredningssentralen for Sør-Noreg mottok mayday-signal frå helikopteret sin naudpeilesendar. Det var eit Sikorsky S-92 frå Bristow Norge som styrta. Det var på treningsoppdrag då det skjedde.


Powered by Labrador CMS